Årets beste plate i 2011 sto Kevn Kinney for. For andre gong i løpet av tre år. I 2009 var det med Drivin’n’Cryin’. No skal ikkje eg seie så mykje meir om “A Good Country Mile” . Eg sa nok her Platemelding iTunes Kjøp
!
!
!
Dei fem første platene her på delt førsteplass, altså årets beste norske plate. Ellers er det kanskje ei liste over kva som har vært verdt å få med seg av plater.
Kristiansundsbandet El Cuero leverte ei fantastisk plate med “From Mountains to Sand”. Fikk i år og oppleve at sceneversjonen er minst like sterk. Spotify Platemelding
!
!
!
Les mer…
Men The Colors Turned Red var ikkje borte. Dei tok berre ein fem års pause. Og skifta namn. Det er eigentleg dei mest radikale endringane her. Musikalsk er det framleis like sterkt. Og grunnstammen med låtskrivar Haakon S. Larsen og vokalist Johnny Hazard er den same. I tillegg til at medlemmane undervegs har laga plater i og saman med mellom anna Skjelvekommode, Helldorado, Thom Hell og Erik Ruud. Musikalsk finn ein framleis tydelege spor av 80-talet. Som til dømes Prefab Sprout og Midnight Oil.

Men referansar eller ikkje, bandet klarar godt å fronte sitt eige uttrykk og stå på eigne bein. Det produktet dei leverar her står fjellstøtt. Med ein gjennomgåande høg kvalitet på låtane. Og ut i frå det eg skriv over skjønar ein enkelt at vi her snakkar om tidvis glimrande sofistikert poprock. Til tider med ein sånn godlyd at det er vanskeleg å ønskje seg meir. Ei plate som er eit samanhengande høgdepunkt med kremlåtar som til dømes ”Smile Again”, ”Missing Trains With Marianne” (ekko av The Kinks) og ”You Know What”. Rogalandsbandet som har tatt nemnet sitt frå ein etter sigande frykteleg dårleg film. Er det motsette, frykteleg bra!
Stort suprare enn dette er det vanskeleg å få det i mi verd. Eller kva seier ein til Martin Chambers frå The Pretenders på trommer og Glen Matlock frå førsteutgåva av The Sex Pistols på bass. Supergitarist Chris Spedding og Steve Snips Parsons på vokal. Dei to sistnemnde var også medlem av det legendariske 70-talsbandet Sharks. Dei var så gode at platene hadde fortent ei nyutgjeving.
Det er med andre ord ein gjeng med ikkje heilt unge musikarar vi har med å gjøre. Utan at det høyrest ut til å hemme dei nemneverdig.

Musikalsk snakkar vi om rimeleg streit rock. Med bluesen i botnen. I den grad noko med villmannen Chris Spedding på gitar kan være streit. Det er uansett han som er platas store behaldning. I tillegg at bandet har skrudd saman eit repertoar av kvalitet over gjennomsnittet. Noko som gjer at denne plata tronar høgt over andre supergruppeprosjekt. Ein treng ikkje leite lengre tilbake enn til Them Crooked Vultures for å sjå kor gale det kan gå.
Denne plata er derimot er heilt glimrande. Og kan av alle ting minne om The Black Keys.
Roald Hansen er mangeårig musikkmedarbeidar i Firdaposten i Florø. Han har vurdert nye album og plater i avisa sidan tidleg på 1990-talet. Spesialitet er rootsmusikk, americana, blues, rock, soul, r & b. Mer om sonen
Platearbeidaren er en sone på Origo. Les mer